President Knut Ødegårds innledning til justismordseminaret «…aldri mer slippes løs…» den 25. August

Litteraturhuset i Oslo, 25. august 2014

 

Gode gjester,

 

Eg veltar for meg ordet justismord.  Det tyder heldigvis ikkje alltid dødsstraff og drap.  Eg kom fram til at justismord er mord på fru Justisia, på rettferdsgudinna, at det er sanning og rettferd som vert myrda.  Resultatet er i dei fleste tilfelle fengselsstraff, nedbryting av menneskeverdet, stundom forvising, isolasjon, i dei fleste tilfelle også sosial og økonomisk tragedie.

    Det er i alle fall tale om noko uhøyrt:  At rettferd og rettvise anten medvite vert skuva til sides eller at fru Justisias tenarar ikkje skjønar at dei mistolkar dei indisia som vert lagde fram for dei.  Eller, og det får vi vona ikkje skjer ofte i vår del av verda:  Krefter – økonomiske, politiske eller religiøse – som medvite pressar fram domar mot saklause personar eller grupper av folk.

    Eg las nyleg engelske Robert Harris nyaste roman:  ”An Officer and a Spy”.  Ei bok eg trygt kan tilrå, både fordi denne historiske romanen byggjer på nitide studium av fakta og fordi det er ein glimrande velskriven roman.  Dette er fagbokforfattaren Harris i symbiose med diktaren ved same namn.  Hovudpersonen er den franske offiseren Marie Georges Picquart. Handlinga er konsentret omkring den spion-saka som førde til at den jødiske offiseren Alfred Dreyfus vart offer for eit av dei mest omtala justismord i européisk historie.

    Oberstløytnant Picquart vart motviljug dregen inn i det han først trudde var ei opplagt straffesak mot ein forrædar.  Sakte går det opp for han at han er omgjeven av eit komplott der han er dregen inn for å spela med i eit justismord der Dreyfus i 1894 vert dømd til livsvarig forvising på Djevleøya i Fransk Guyana i Sør-Amerika.  Det rådde ein sterk motvilje mot jødane i Frankrike som elles i Europa, og som i dag igjen er blussa opp som antisemittisme, ofte forkledd som noko anna, også her i landet.  Vårt akademi-medlem Jahn Otto Johansen kallar dette den “ny-gamle” antisemittismen.

    Det viser seg å vera eit farleg spel for Picquart å lufta sine mistankar om at jøden Dreyfus er uskyldig dømd, og at forrædaren er ein annan, ein offiser Esterhazy som titulerer seg som greve.  Det passa så godt å få ein jøde dømd, for jødar kan ein jo ikkje stola på som statsborgarar, jødane har sine eigne internasjonale sirklar og pressgrupper.  Picquarts gryande mistanke vert til oppdaging av fleire og fleire indisium som peiker mot Esterhazy inntil han finn prov både på at den adelege Esterhazy er forrædaren og at Alfred Dreyfus er offer for eit justismord.

    Eg nemner denne saka her både fordi ho er eit så klårt døme på justismord med ei rekkje ingrediensar i det mest bestialske justismordet:  Den medvitne domen over ein uskuldig som er lett bytte for fordomar og antipatiar.  Og ikkje minst på at det går prestisje hos styresmaktene i ei straffesak. Men også fordi vårt akademi ber Bjørnstjerne Bjørnsons namn – og Dreyfus-saka var ei av dei store kampsakene for den aldrande diktaren.   Han var eit namn i européisk litteratur den gongen, og han gjekk aktivt ut i avisene med støtte til Dreyfus og til den fremste kritikaren av justismordet:  Émile Zola.  Bjørnson var ein iherdig aktør for å få Dreyfus frikjent, han brevveksla med han i fengselstida og hadde kontakt med familien – og skreiv sviande artiklar om Esterhazy som vart publiserte i dåtidas største européiske media.

    Om Togersen og hans sak kan eg ikkje anna seia enn at eg har engasjert meg i hans lagnad heilt sidan eg saman med Jens Bjørneboe tok opp situasjonen hans i Den norske Forfatterforening på 1970-talet.  Mitt luktesans som diktar seier meg at her stinkar det stramt av manglande bevis, og av prestisje hos dei som ikkje vil gjenoppta saka hans.   Om dette skal fagfolk tala her i dag, som har meir å fara med enn luktesans.

    Det er gode grunnar til at Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet arrangerer dette seminaret i samarbeid med gode partnarar.   Eg er ikkje det minste i tvil om at han vi låner namnet frå meiner – der han sit oppe over skyene ein stad – at Torgersen bør få prøva saka si for retten ein gong til.  Han tolde ikkje urett, den gamle.

    Vi takkar alle som har gjort det økonomisk mogeleg – Norsk PEN som samarbeidspartnar og støttespelarane Fritt Ord og Norsk Journalistlag.   og vi takkar dei høgst kvalifiserte forelesarane som vi skal høyra i dette seminaret.   Ei særleg takk til vårt styremedlem Hege Newth Nouri som har hatt ansvar for planlegginga av seminaret.

    Hjarteleg velkomne, alle.

Share on FacebookTweet about this on TwitterEmail this to someoneShare on Google+